Helle Kletten

Helle

Varenr.
7023890050088
Lager
Midlertidig utsolgt
Pris
kr 1 299

Helle Kletten

Kletten er Helle sin første eigenutvikla lommekniv. Her får du ein kniv som i låst tilstand føles som ein fast, liten sportskniv. Med eit kraftig blad i klassisk laminert stål er dette ein særs stødig turvenn som tek minimalt med plass i lomma. Kniven er forma slik at ein trass størrelse får eit særs godt grep med tre fingrar rundt handtaket, og ein liten fingerstoppar fremst. Kniven er liten og robust, og det nydelege treskaftet gjer til at ingen kniv er lik. Mange plassar i Noreg har ein ein liten "klett" som dei lokale nyttar til dagsturar eller ettermiddagsturar. Det er nett slike turar og små kvardagseventyr Kletten er designa for. Det er kanskje difor den vart særs godt mottatt internasjonalt og mellom anna hamna på Gearpatrol si liste over beste nye knivar for 2020. Kletten blir levert utan slire men med ei lærreim til å henge i beltet eller rundt halsen om ein ikkje vil ha den i lomma.

  • Vekt 84
  • Bladtjukkelse 2,7 mm
  • Bladlengde 55 mm
  • Lengde handtak 80 mm
  • Konstruksjon Foldekniv
  • Sliremateriale Ekte vegetabilsk lær
  • Designår 2019

Ekte vegetabilsk lær, Masurbjørk, Rustfritt stål

Relaterte varer

Hikmicro Alpex 4K A50EL
Lager
På lager
kr 13 990
Søvik Røst Rosa Selvlysende
Lager
Velg varians
kr 149
Søvik Røst Olive Glow
Lager
Velg varians
kr 149
Søvik Laksen 40g
Lager
Velg varians
kr 95